«

»

jun 22 2017

Skriv ut Innlegg

Sirevåg kystfort

Det første militærhistoriske anlegget jeg besøkte på turen min til Stavanger ble Sirevåg kystfort. Sirevåg kystfort ligger på Vedafjellet og få av de som bodde i nærheten visste hvor gjennomboret dette fjellet ble av tyskerne under andre verdenskrig. Sirevåg kystfort stod ferdig sommeren 1943 med fire stykk 8,8 cm kanoner. Dette var opprinnelige russiske Fl M 39 luftvernkanoner på 8,5 cm som tyskerne borret opp med 0,3 cm. Rekkevidden var oppgitt til 15 kilometer. Ifølge boken Atlantikwall av Rudi Rolf er disse kanonene oppgitt til å ha en rekkevidde på 14 kilometer. Ifølge et informasjonsskilt ved parkeringsplassen står det at fortet hadde 5 slike 8,8 cm kanoner, men hvor den femte var plassert er for meg ukjent. Mest sannsynlig er det bare en skrivefeil. Fortet het forøvrig HKB 18/978 Ogna under krigen.

Først litt informasjon fra informasjonsskiltene på stedet:

Krigsminnevandring i Hå

8. mai 1945 vart ein festdag for landet vårt. I fem år hadde framande styrt og okkupasjonsstyrkar stått i landet. Det var fem lange år under framandåk som sette djupe merke i land og folk, ikkje rart at nasjonen var i festrus.

Det beste var at freden kom utan krigshandlingar på norsk jord. Kampen for å få denne freden var utkjempa på mange felt både her i landet og utanfor landet sine grenser, ikkje minst i handelsflåten, gjennom sabotasjehandlingar, flyktningtransport og oppbygging av heimestyrkar.

Men midt i festen og gleda over at landet var fritt, var det likevel mange som sat i sorg over tap, tap av eigedom, tap av ungdomstid, tap av helse, eller tap av nokon som stod ein nær. For mange har kanskje heile etterkrigstida hatt denne blandinga i seg, glede over freden og sorg over tap eller mangel på støtte.

Mange stader i landet bar stygge merke etter krigen, etter øydelegging og festningsliknande byggverk frå okkupasjonsmakta si oppbygging av “Festung Norwegen”. Også her i Hå sette krigen sine merke, både på folk og landskap.

Det var lite direkte krigshandlingar i Hå, ingen front mot front, men Hå-buen hadde likevel storkrigen innpå seg. Kvardagen var annleis. Tyske soldatar var å sjå overalt, i alle bygder. Her var fleire store forlegningar; På Nærland, Tryggheim ungdomsskule, Ueland i Varhaug, Hårr og Ogna. Ein kunnesjå flåtak og sjøslag, fly og båtar som gjekk under, og bomber som fall i utmarka. Og når slikt skjedde, var folk forvitne og prøvde følgja med frå stoveglas og bakkekantar. Dei djervaste klatra jamvel opp på hus- og løetak. Tyske soldatar var forbløffa og tykte jærbuen var dumdristig, så lite redd som han var.

27 utenlandske krigsheltar, 10 polakkar og 17 engelskmenn, enda livet sitt i tyske massegraver i sanddyner på Brusand, fordi to ulike og spanande flyoperasjonar fekk katastrofale utfall. Også mange tyske soldatar som omkom i allierte åtak på tyske farty, vart gravlagde i sanddynene her.

“Englandsfararane” har ein eige kapittel i krigssoga. Unge menn frå kommunen ville over Nordsjøen for å gjera teneste i motstandsrørsla. Med fare for livet la dei ut frå Obrestad hamn. Dei fleste overfartane lukkast, men ein planlagt tur vart oppdaga av Gestapo. 15 jærbuar vart seinare skotne av tyskarane. Men mange kom og frå tysk fangenskap i live. Om lag 40 Hå-buar måtte av ulike grunnar sone på Grini og/eller i tyske leirar.

Tyskarane bygde forsvarsanlegg mot ein eventuell alliert invasjon mange stader i kommunen: Tre større kystbatteri, kvart med fire kanonar, noko luftvern og nærsikring, vart bygde på Obrestad, Hårr og i Vedafjellet i Sirevåg. Desse anlegga vart strategisk supplerte med fleire nærforsvarsstillingar eller sperrestillingar langsmed strandlinja. På Ueland sette tyskarane opp ein enorm radar. På Hanaberget på Nærbø stod og ein stor radar. Her var og fire store jernbanekanonar mot slutten av krigen. Og på Nærland lytta tyskarane etter fiendtlege fly.

Få har vel unngått å sjå eller høyra om “Hitlertennene” på Brusand, som skulle hindra tanks i å koma innover. Mange jærbuar måtte tvangsarbeida for tyskarane på Brusand. Tanksperringa, eller “tyskermuren” held fram som ein massiv steingard og med grøfter bortover Kvalbein.

Ein lang steinmur reiste seg og, sakte men sikkert, frå Obrestad/Njærheim og nordover. Mang ein Hå-bu vart tvinga til dette arbeidet. Heile Hå-kysten fekke etterkvart eit minebelte ytterst, fleire titusen miner. Og minene har vore til gru – både folk og fe strauk med etter å ha kome borti. Nokre vart attgløyme under oppreinskinga etter krigen, og mang ei mine har seinare kome “opp i dagen”. Ein kan framleis sjå tydelege spor etter minebeltet, til dømes på Kvalbein.

Alle desse festningsanlegga er eit vitnemål om at den lange og opne Jærkysten var eit område det var viktig for okkupasjonsmakta å ha kontroll over.

Det er sett opp plakatar med orientering om dei ulike anlegga frå krigens dagar på Nærland, Hanaberget, Ueland, Brusand og Vedafjellet.

Ein del nordmenn arbeidde frivillig for tyskarane. Dei hadde ulike grunnar for å gjere det. For enkelte vart det slik gjennom det daglege arbeidet. Det var ei samanblanding av at arbeidet både tente det norske samfunnet og var ein del av okkupasjonsorganisasjonen. Andre gjekk inn i ei meir aktiv tysk teneste som skapte frykt og vanskar både for motstandsrørsla, for vanlege nabofellesskap og for eigen familie. Mange har måtta lida gjennom heile etterkrigstida på grunn av dette.

Vedafjellet – Tysk festningsanlegg

Velkommen til ein tur i festningsanlegget på Vedafjellet. Dette anlegget blei etablert i 1942 av den tyske okkupasjonsmakta, men med russisk arbeidskraft. Store delar av festningsanlegget er sprengt inn i fjellet.

Festningen hadde 5 stk 8,8 cm flak luftvern-kanonar av russisk opphav, 20 mm luftvern-kanonar og 5,0 cm panservern-kanonar. I tillegg til den historiske påminninga om kva som skjedde i Noreg under andre verdenskrig, vil besøket gje ei spennande oppleving i tunnelane. Eit samarbeid mellom grunneigarane og Hå kommune har gjort det mogleg å opne dette området.

VEDAFJELLET

I mange år var det nok berre dei mest lokalkjende Hå-buane som visste kor gjennombora Vedafjellet i Sirevåg var av tunnelar og bunkerar med far etter kanonstillingar. Det tok mange år før dette området vart frigjort for folk flest. I dag er det eitt av dei tydelegaste krigsminna i Hå.

Okkupasjonsmakta bygde opp eit systematisk kystartilleri på Jær-kysten, artilleri-regiment 978. Bateri nr 16 låg på Obrestad, nr 17 på Haarr og her ved Sirevåg i gamle Ogna kommune låg nr 18 som fekk namnet “Ogna batteri”, og vart det mest omfattande festningsverket. Men det er fleire synlege krigsminne her i det sørlege Hå.

I tillegg til tanksperringane frå Brusand til Kvassheim er det spor etter sperrestillinger på Kvidaberget, Hølland, Hetland og Varden.

Dei første tyskarane kom tidleg i 1941 og sette i gang vakthald rundt Sirevåg hamn. Ein del hus utover Oddane vart rekvirerte, og utbygginga i området starta. Sjølve hær-kystbatteriet vart etablert i desember 1942 med fire 8,8 cm Flak luftvernkanonar plassert i provisoriske stillingar på nordsia av hamna.

På Vedafjellet var aktiviteten stor på denne tida. Den sivile organisasjonen “Todt” utførte sprengnings- og byggingsarbeidet. Dei nytta seg av utskrivne mannskap frå Eigersund, og krigsfangar, polakkar og russarar, frå leirar i Eigersundområdet.

Sommaren 1943 var anlegget ferdig og dei fire 8,8 cm kanonane vart plasserte i ein “firkant” på toppen av Vedafjellet. Kanonane, opphavleg russiske luftvernkanonar av kaliber 8,5 cm, hadde tyskarane bora opp med 0,3 cm. Rekkevidda var 15 kilometer. Kvartetten på Vedafjellet vart styrt via elektrisk kabel frå sentralsiktet i kommandobunkeren, slik at alle sikta etter same målet samstundes. Det er rimeleg å tru at kvartetten kunne fyra av kring 60 skot i minuttet. Fleire gonger vart det skote med kanonane. Det var ved prøveskytingar på eit skipsvrak på holmen Raunen nord for Ognabukta, ved alliert åtak på tyske konvoiar og då 70-80 allierte fly flaug over området. Dei skulle bomba Knaben. Ingen i området registrerte fly som gjekk ned etter direkte treff.

På Vedafjellet var det elles fleire 2 cm luftvernkanonar, ein 5 cm panservernkanon, stilling for 20 mm tvilling maskingevær, stasjonære flammekastarar, løpegrav for nærforsvar på nordsida og forlegningsbrakker. Og alt var inngjerda med ei avskrekkande piggtrådsperring! Piggtråd var det og nede i sjølve Sirevåg; ei langsgåande sperring frå hamna og nordover Veden og Sannarvågen. Og på Ognasanden starta det omlag 40 meter breie minebeltet. Inne i jernbaneskogen på Nylund låg hovudforlegninga for Ognabatteriet med fleire nærforsvarsstillingar i terrenget rundt.

Det var ofte skyting og trefningar til sjøs i Sirevågområdet, men trass alt relativt rolig. Eller som ein sa: “Ein følte det nærmare enn det var”. I slutten av 1944, gjekk britiske fly til åtak på ein tysk konvoi utenfor Sirevåg. Båtar sokk, og lokale fiskarar assisterte i redningsarbeidet. Ein heil del vrakgods vart plukka opp. Og fisken i sjøen døydde som følge av trykket frå eksplosjonane og flaut opp. 500 kg lyr vart utbyttet for ein båt.

KRIGSHENDINGAR PÅ SJØEN

Heile norskekysten spela ei svært viktig rolle i krigen. Kva hadde havet utanfor Jæren å seia i krigføringa, for okkupasjonsmakta, for dei allierte og for folk i Hå?

Det lange opne havstykket utanfor Jæren, med få og dårlege hamner, var ei stor utfordring for skipsflåten den gongen som no.

For okkupasjonsmakta var utfordringa å unngå åtak frå dei allierte. Dei hadde stor bruk for skipstransport langs kysten både av personell og materiell. Havstykket er så langt og ope at dei allierte kunne nå skipsfarten langs kysten med fly frå basar i England og Skottland. Det var ikkje utan grunn at tyskarane bygde kystartilleri, radarstasjonar og lyttestasjonar langs heile Jæren. Allierte fly kom likevel gjennom og sette inn åtak på tyske transportskip og krigsskip, enten dei gjekk enkeltvis eller i konvoi. Mange tyske skip gjekk ned på Jærhavet etter allierte åtak, omlag 15 i området utanfor Hå.

Nokre av desse var:

– Genua, ein tysk lastebåt på 1949 bruttotonn, vart skoten i senk av britiske krigsskip i Ognabukta 14. oktober 1940. 78 omkomne

– UJ 175, ein ubåtjagar på 527 bruttotonn vart senka utanfor Nærland 7. januar 1941. 10 omkomne

– Graziella var opphaveleg ein norsk lastebåt på 2137 bruttotonn. Den vart senka av fly utanfor Kvassheim fyr 16. september 1943. Talet på omkomne er ukjent

– M132, ein tysk minesveiper på 898 bruttotonn, vart torpedert av britiske krigsskip i Ognabukta 20. september 1944. 11 omkomne.

– Vela var ein norsk lastebåt på 1184 bruttotonn som tyskarane hadde okkupert. Den gjekk i samme komvoi og vart torpedert samstundes med M132. Talet på omkomne er ukjent.

8. september 1944 hende noko som mange på Varhaug vil minnast. Den hollandske lastebåten “Hengelo”, som var i tysk teneste, kom frå Nord-Noreg med militært utstyr. Tre britiske fly gjekk til åtak og gjorde stor skade på båten før mannskapet fekk han inn i Madland hamn. Det hollandske mannskapet gjorde mytteri, drap truleg den tyske kapteinen, sette styrehuset i brann og forlet skipet. Mange følgde denne hendinga frå land. Skipet vart liggande i hamna vintaren over. Det vart sett i stand og drog vidare utpå vårparten 1945.

I krigsåra var det mange nordmenn som prøvde kome seg ut or landet for å gå inn i handelsflåten eller anna aktiv krigsteneste. Mange av desse rømde over havet til Skottland, Shetland eller Orkenøyane i større eller mindre farty. Slik var det i Hå og. Obrestad hamn vart utgangspunktet for fleire overfartar.

Dei to første som starta denne utfarten frå Obestad, var Ole Antonsen Reiestad frå Varhaug og Alfred Kvitvær frå Nærbø. Kvitvær var frå Nord-Noreg og styrmann. Begge to var sjømenn som ville inn i handelsflåten og gjera ein innsats for landet. Dei tok ut tidleg i juli 1940 i ein 19 fots motorbåt og nådde Peterhead i Skottland etter 54 timar i sjøen. Reiestad omkom etter berre tremånader då tankskipet han hadde hyre på, vart torpedert. Kvitvær hadde teneste i den amerikanske handelsflåten heile krigen og resten av den yrkesaktive tida si.

Neste overfart var 5. september 1941. Då la ei skøyte ut med kurs for Skottland. 10 mann kom velberga over. Berre tre dagar etter, den 8. september 1941, tok ei ny skøyte ut med to mann ombord. Dei var innom Sør-Reime og henta fem mann til før dei i dorgefart sette kursen mot Eigersund, der dei venta på ein hoveleg sjanse til å stikka over havet. Alle sju kom velberga over til britisk jord.

Ei gruppe på 18 unge menn la planer for ein ny overfart i slutten av september same året. Men då dei skulle dra, streika motoren og reisa måtte utsetjas. Grestapo fekk nyss i dette og gruppa vart arrestert. Begge ein slapp fri sidan han var så ung. Dei andre vart sende til Grini der 15 av dei fekk dødsdom. Dei to yngste slapp dødsdom på grunn av alderen. Men 15 ungdomar frå Hå vart skotne i Trandumskogen natt til 21. mai 1942. Namna deira er å finna på minnesteina ved Nærbø og Varhaug kyrkjer saman med namna på andre frå Hå som let livet i 2. verdenskrigen.

Fra parkeringsplassen til Sirevåg kystfort på Vedafjellet er det lagt godt til rette for turen opp til Vedafjellet. Det første man møter på vei opp til kystfortet er grunnmuren til en av forlegningene på området og luftvernstillinger. Man har en veldig fin utsikt utover området oppe fra Vedafjellet! Legg forøvrig merke til “tripoden” i den ene stillingen for 20 mm luftvernkanon! Sirevåg kystfort ligger på et ganske kompakt område på Vedafjellet, så det er ikke så langt å gå fra stilling til stilling. Men det er ganske mye å se på, både oppå bakken og ikke minst under bakken! Det er flere tuneller å utforske på Sirevåg kystfort!

For ikke å snakke om Regelbau R636 kommandobunkeren på Sirevåg kystfort! Her står det åpent og man kan ta en nærmere titt på innsiden av kommandobunkeren! Legg også merke til hvor mye arbeid de har lagt i kamufleringen av kommandobunkeren! Både på sidene, toppen og ikke minst oppå “kuppelen” for observasjonsposten i front av kommandobunkeren! Alt for å prøve å få kommandobunkeren til å gli inn i omgivelsene på toppen av Vedafjellet. Det er en utrolig fin utsikt man har når man er inne i observasjonsposten i kommandobunkeren også! Kommandobunkeren er i ganske god forfatning, men panserdørene er rustne selvfølgelig og står rustet fast i åpen stilling. I tillegg er det litt vann her og der. Men det var ikke værre enn at jeg klarte å komme meg rundt tørrskodd i joggesko. I deler av året vil nok gummistøvler være det eneste fornuftige valget.

Inne var jeg også i le av den “forferdelige” vinden jeg hadde denne dagen. Det var ikke mindre enn sterk kuling (17-20 sekundmeter vind) på Jærkysten, så jeg hadde store problemer med å stå rolig i vinden når jeg skulle ta bildene mine. Det er vel unødvendig å si at jeg var godt kledd i (en ikke så tykk) vinterjakke, genser under og ikke minst lue på hele tiden. Det aller viktigste er selvfølgelig at det ikke regner, men jeg foretrekker nok litt mindre vind enn dette. Men da er det godt å gå litt i le for vinden innimellom, f.eks inne i kommandobunkeren eller i bakkant av den.

På grunn av skyene som blåste raskt over himmelen på grunn av sterk kuling, endret lyset seg fra minutt til minutt. Dette ga noen utrolige effekter innimellom! Det er vel unødvendig å si at jeg tok veldig mye bilder av kommandobunkeren, både innvendig og utvendig. Det var et fascinerende kamuflert byggverk som jeg ville ta bilder av fra alle mulige vinkler. Det var dog ett sted jeg ikke kom meg på kommandobunkeren, og det var på toppen der avstandsmåleren stod. Det lå såpass mye vann ved “inngangen” til dette området, at det ikke var mulig å komme seg inn uten å bli søkkvåt i beina. Så da ble det naturlig nok droppa. Under normale omstendigheter, det vil si uten sterk kuling, kunne jeg vurdert å klatre opp på siden for å komme meg “inn”. Men det tok jeg rett og slett ikke sjansen på når det blåste så kraftig.

Kommandobunkeren av typen Regelbau R636 som er en kommandobunker for hærkystbatterier, ble ifølge Atlantic Wall Typology-boka til Rudi Rolf laget 14 stykk av i Norge. Det gikk med 960 kubikkmeter betong og denne typen kommandobunker ble introdusert i 1942. Det finnes også en oppdatert utgave av Regelbau R636 som kalles R636a som har fått tak over avstandsmåleren og noen andre små endringer. Regelbau R636a kom i 1944 og det gikk med 1250 kubikkmeter betong for å bygge en slik kommandobunker. Mens det finnes 14 stykk Regelbau R636 i Norge, finnes det bare 6 stykk Regelbau R636a. Til sammenligning finnes det 10 stykk Regelbau R636 i Danmark og bare 1 stykk Regelbau R636a i Danmark. Når jeg først er i gang med tall, totalt antall bygde Regelbau R636a er 9 stykk, 6 av disse i Norge som nevnt. Av Regelbau R636 er det totalt blitt bygd 43 stykk.

Når man er på Sirevåg kystfort, må man også ta turen inn i tunellene også. Det er flere av dem på kystfortet, en av dem er skiltet veldig godt. Den første tunellen jeg var innom stod det en del vann i. Men den viktigste av disse tunellene er det ikke noe problem å gå tørrskodd i. Det vil si den som er skiltet ganske fort man kommer inn på området til Sirevåg kystfort. Her kommer man blant annet til en trapp opp til en av kanonstillingene for 8,8 cm kanonene i Vedalfjellet! I bunn av denne trappen er det også en “lokal kunster” som har boltret seg litt. Denne toppen med kanonstillingen ser i utgangspunktet ut som en vanlig “fjelltopp" når man står nedenfor og ser opp på den, men hvis man ser nærmere, er denne toppen bygd kunstig litt høyere i betong for å nettopp romme en åpen stilling for en 8,8 cm kanon!

I bunn og grunn et veldig fint og bevart kystfort som dessverre mangler alt som heter kanoner. Men de åpne stillingene for 8,8 cm kanoner, luftvernkanoner, tuneller og ikke minst kommandobunkeren er åpen og gir et godt innblikk i hvordan hærkystbatteriet Ogna batteri, senere Sirevåg kystfort så ut. Med tanke på hvor mye det blåste denne dagen, er det vel unødvendig å si at jeg ikke møtte en levende sjel i løpet av min 2,5 times tur på Sirevåg kystfort. Dette var en såpass positiv opplevelse at jeg gjerne tar turen tilbake til Sirevåg kystfort ved en senere anledning. Med mindre vind hadde det vært mye hyggeligere å kost seg i sola og kanskje spist litt medbrakt mat!

                                                                                                                                                                                                                                                                         

Permalenke til denne artikkelen: http://blog.kak.net/2017/06/22/sirevag-kystfort/

Legg inn en kommentar